HEREFORD ER STØRST!

Skriv ut Tips en venn



LogoÅrsrapporten frå Storfekontrollen syner at Hereford er den rasen som det er flest mordyr av i Noreg. Talet var i 2009 4961 mordyr, noko som er i overkant av 12% fleire mordyr enn nr. 2, Charolais.

Hereford har sidan 2001 vore rase nr. 1 !!

Utviklinga syner ein auke på 17% mordyr av Hereford frå 2008 til 2009. Denne utviklinga er om lag på same nivået som den totale utviklinga av mordyr i Storfekontrollen. Denne utviklinga er Norsk Herefordforening svært godt nøgd med!
 
Einskilde rasar har noko større prosentvis auke enn Hereford (Charolais og Aberdeen Angus). Men om ein ser på auken i mordyrtalet – så har Charolais enn auke på om lag 50 fleire mordyr enn Hereford, mens auken av mordyr for Aberedeen Angus berre er halvparten av Hereford.
 
Konklusjonen er at mange ser fordelane og dei sterke sidene til Hereford og vel rasen som mordyr i besetninga.  
 
Oversikten frå årsmeldinga finn du her

hereford reklame 1

Brunsthefte, forside