Nyheter
Nyheter
REFERAT FRÅ PROSJEKTMØTE DEXTER
Stad : Nortura Førde
Tid : Tysdag 29. juni kl. 10.00
Til stades : Erhard Martin, Dexterforeininga
Vegard Urset, Tyr (representerte og Geno)
Asgeir Svendsen, Nortura
Karl Vie, Nortura
Bakgrunn for møtet
Leiar i Dexterforeininga Erhard Martin, Jon Olav Husabø og underteikna har ei tid diskutert og jobba med planar om eit prosjekt for å få auke størrelsen på den norske Dexterpopulasjonen.
Bakgrunnen for dette er at det er stor interesse for rasen og mange kontaktar oss i Norura med spørsmål om det er mogeleg å skaffe dyr av Dexterrasen.
Motivasjonen til desse er hovedsakeleg:
Ynskje om ein storferase som kan utnytte bratte og meir "marginale" beiter
Ynskje om ein rase som er lett og som ikkje trakkar opp og ødleg beitemarka
Ynskje om ein kjøttferase som er "billeg i drift" fordi dei har låg voksenvekt
Ynskje om ein kjøttferase som gjev god utteljing på tilskotsida i høve til ressursbruk pr. ammekueining.
Med den populasjonsstorleiken som er på rasen i dag, og med det importregime vi har, er det ikkje mogeleg å dekke etterspurnaden. Populasjonsstorleiken gjer det og heilt naudsynt med nytt blod for å unngå innavlsdepresjon. Vi har derfor tenkt på eit opplegg der vi gjennom import av embryo. kunne klare å få gjort noko med dette. I det arbeidet er vi avhengig av eit samarbeid der vi ser føre oss at vi i første omgang må vi dra inn TYR, Geno, Norsk Dexterforeining og Nortura Sentralt for å diskutere organisering og økonomi. I neste fase ser vi føre oss at vi må dra inn eksterne finansieringskilder som t.d. Innovasjon Norge.
I første omgang har vi derfor invitere dei ovanfornemde til eit møte for å diskutere om dette er noko som er fornuftig å jobbe vidare med og eventuelt korleis.
Dexterforeininga vedtok på sitt årsmøte at ein kunne arbeide vidare med dette. Dei har utarbeid avlsplan.
Konseptet skulle vere midt i blinken set ut i frå det fokus som er på å halde kulturlandskapet ope samstundes som at marknadsituasjonen for storfekjøt ser gunstig ut i overskueleg framtid.
Diskusjon i møtet
Med bakgrunn i informasjon frå Vegard om korleis rasen sin situasjon er når det gjeld behov for nytt blod, konkluderte vi med at behovet absolutt er til stades for å få inn nye genar.
Ein viktig føresetnad for å arbeide vidare med import av embryo er at det kan skaffast embryo av tilfredstillande kvalitet. Det gjeld både med omsyn til genetikk, helsestatus og pris.
Derfor var vi samstemte på at før ein eventuelt går vidare i prosjektet, må desse tilhøva undersøkast.
Vi vart derfor einige i å gjennomføre eit forprosjekt med ei kostnadsramme på kr. 30 000.
Det er her snakk om å ta kontakt med aktuelle utanlandske nasjonale Dexterforeiningar/ avlsorganisasjonar for å få oversikt over kva som er mogeleg å få kjøpt av embryo som stetter våre krav.
Geno må stå for den eventuelle importen og Vegard vil ta kontakt med dei for å få informasjon om kva spesifikasjonar dei har til ein slik import.
Vi vil kontakte aktuelle personar for å få nokon til å ta arbeidet med den nødvendige kartlegginga i forprosjektet.
Dersom embryo kan skaffast ser vi føre oss ein import med eit volum på 100 embryo første året ( 2011) med ambisjon om ytterlegare totalt 400 i løpet av 2012 og 2013.
Førde 05.07.10
Karl Vie
