Stort behov for import av storfekjøtt framover
Stort behov for import av storfekjøtt framover
januar 27, 2012
Stort behov for import av storfekjøtt uroar Bondelaget og Nortura. Landbrukstoppar meiner det må politisk vilje til for å snu trenden.


Kvar fjerde biff importert
Held trenden fram med fallande produksjon og svakt stigande sal, vil kvar fjerde biff måtte vere importert alt om tre år. Det bør vere eit alvorleg varsku til politikarane. I landbruksmeldinga seier regjeringa at målet er å vere mest mogleg sjølvforsynt av dei varene vi har naturlege føresetnader for å produsere her i landet. Der inngår absolutt storfekjøtt, men produksjonen går likevel ned og importbehovet aukar.

-Det er eit tydeleg signal om at økonomien i storfeproduksjonen må få eit løft, seier leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag.

Importen dobla på to år
Prognosane frå marknadsregulator Nortura viser at importbehovet har dobla seg berre frå 2010 til i år.

Medan 8,5 prosent av storfekjøttet blei importert i 2010, er behovet i år på over 16 prosent. I volum er det også ei dobling i importen frå 7.700 tonn til over 15.000 tonn. Det kjem først og fremst av nedgang i produksjon av storfekjøtt.

—Nedgangen på storfe fører til at importbehovet aukar kraftig, og det går motsett veg enn målet i landbruksmeldinga. Utan nye politiske tiltak så vil underdekninga av norsk storfekjøtt auke, og det vil bli vanskelegare for norske forbrukarar å finne norske biffar i butikkane, seier direktør Hans Thorn Wittussen i Nortura totalmarked.

Avhengig av meir støtte
Nortura la under høyringa om landbruksmeldinga i næringskomiteen på Stortinget tidlegare i januar stor vekt på at økonomien i storfeproduksjonen må få eit løft.

Styreleiar Sveinung Svebestad seier at det er avgrensa rom for å auke prisane vesentleg, utan at det slår ut i auka import. Næringa er derfor heilt avhengig av auka budsjettstøtte, ifølgje Svebestad.

—Økonomien i storfeproduksjonen er for svak. Det er avgrensa rom for å auke prisane, iallfall nok til at det monnar. På biffar og filetar er vi alt i taket, og auka prisuttak vil lett føre til meir import. Skal vi klare auke produksjonen på storfe må støtta over statsbudsjettet aukast, seier han.


Kilde: Nationen




Kontaktinformasjon TYR

Telefon: 952 90 855
Epost: tyr@tyr.no

Besøksadresse:
Holsetgt. 22, 2317 Hamar

Postadresse:
Postboks 4211, 2307 Hamar

Orgnr: 970 142 223 ORG


Designet av Rim Ide & Kommunikasjon • Utviklet av React Solutions