Aktiviteter
22. mai 2012 18:00
8. juni 2012 18:00
11. august 2012 12:00

» Herefordnytt

» Månadens bilde

Medlemsmøte i NHF
Medlemsmøte i NHF
februar 18, 2012
Norsk Herefordforening har medlemsmøte på Staur Gjestegård, 20.04.12 (dagen før okseauksjonen).

Dei siste åra har foreininga gjennomført medlemsmøte kvelden før okseauksjonen. Noko ein òg vil gjere i år. Medlemsmøte blir: 

         Tid: Fredag 20.04.12

         Kl. 17.00

         Stad: Staur Gjestegård



Ein har òg i år svært aktuelle tema for medlemsmøte.

Me vil få ein presentasjon av Herefordoksane som bys fram for sal på okseauksjonen, laurdag. Ein fekk svært gode tilbakemeldingar på likande presentasjon i fjor, derfor legg me opp til likande gjennomgang i år. Ein har òg i år vore så heldig å få Kristian Heggland til å ta denne presentasjonen.

Avlsplanen skal gjennomgåast for å bli lagt fram til godkjenning på årsmøte i 2012. Til å presentere tankar omkring ny avlsplan har me fått avlssjef Vegard Urset i TYR innleie. Ein legg opp til diskusjon og drøfting.

Representant frå Fjøssystemer vil vere tilstades for å gje ein presentasjon av firmaet og produkt – kanskje det kan vere gode tilbod på produkt?

Leiaren vil òg informere om nytt frå styret.

Prisen vil vere kr 1 200,- pr. person (dobbeltrom), for enkeltrom er prisen kr x,- (pris kjem på måndag). I prisen ligg overnatting, to rettars middag (kl. 20.00) og frokost.

Grunna svært begrensa antal rom (det er òg andre raselag som skal vere på Staur), er påmeldingsfristen 20.03.12 (fristen er absolutt).

Påmelding til leiaren på mob.: 94 88 77 11 eller e-post: post@hereford.no

Staur Gjestegård ligg i naturskjønne omgjevnader ved Mjøsa. Herefordforeininga har tidlegare erfart at vertsskap tek oss godt i mot og serverar god mat. Med gode rammer er skulle alt vere lagt til rette for ein hyggeleg aften og weekend på Staur, og kanskje ein ny okse til gards...........?  

Staur Gjestegård ligg berre eit steinkast frå teststasjonen.  

 




Kontaktinformasjon TYR

Telefon: 952 90 855
Epost: tyr@tyr.no

Besøksadresse:
Holsetgt. 22, 2317 Hamar

Postadresse:
Postboks 4211, 2307 Hamar

Orgnr: 970 142 223 ORG


Designet og utviklet av Rim Idé & Kommunikasjon