
Samfunnsoppdraget til jordbruket er å sikre Noregs befolkning nok og trygg mat produsert på norske naturressursar, og slik bidra til arbeid, god ernæring og helse. For å sikre landbruk over heile landet, auka verdiskaping og redusert klimaavtrykk er det naudsynt å auke lønsemda i bruk av jordbruksareala. Dette skal blant anna skje gjennom eit sterkt importvern, årlege jordbruksforhandlingar og å bevare landbrukssamvirka som marknadsregulatorar. Næringsutøvarane i landbruket må ha same inntektsmoglegheiter som andre grupper.
Klimagassutsleppa frå landbruket skal reduserast og opptaket av karbon aukast, samstundes som vi aukar sjølvforsyninga og tilpassar produksjonen til eit endra og vanskelegare klima. Ein variert bruksstruktur som er tilpassa Noreg sine naturressursar og geografi, gir dei beste moglegheitene til å produsere mat på ein berekraftig og klimavennleg måte. Det er òg viktig for å sikre god dyrevelferd, auka mattryggleik og betre beredskap.
Regjeringa vil:
• Leggje fram ein forpliktande og tidfesta plan for å tette inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper i samfunnet. Opptrappinga skal skje i samarbeid med partane i jordbruksavtalen og baserast på nytt talgrunnlag.
• Sikre riktig talgrunnlag for jordbruksoppgjeret, irekna å måle inntektsnivået og ikkje berre inntektsutviklinga. Arbeidet som er sett i gang for å greie ut dette, skal vidareførast.
• Senke kvotetaka for mjølkeproduksjonen for kumjølk ned mot 500 000 liter. Dei som har tilpassa seg dagens høge nivå, kan behalde kvotene eller selje overskytande kvoter attende til staten til avtalt pris.
• Vurdere tiltak for å redusere kvotekostnadar og redusere delen leigekvoter.
• Innføre tak på tilskot i all produksjon.
• Sørgje for betre berekraft i landbruket gjennom auka bruk av utmarksbeite, setring, klimatilpassing, investering i jord og etablering av eit nasjonalt senter for fjellandbruk.
• Stimulere til auka produksjon og omsetnad av lokalmat og -drikke og økologisk mat.
• Gjennomgå erstatningsordningane for avlingsskadar.
• Styrke investeringsverkemidla i jordbruket med midlar utanfor jordbruksavtalen. Dette skal skje gjennom ei investeringsordning som blant anna skal målrettast mot små og mellomstore mjølkebruk, for å følgje opp lausdriftskravet. Ordninga skal startast allereie i statsbudsjettet for 2022.
• Leggje fram og gjennomføre ein opptrappingsplan for trygg matproduksjon på norske ressursar og setje eit mål for sjølvforsyningsgrad av norske jordbruksmatvarer, korrigert for import av fôrråvarer, på 50 prosent.
• Vidareutvikle velferdsordningane for jordbruket og leggje fram ein eigen plan om dette.
• Sikre importvernet for norsk jordbruk, blant anna gjennom val mellom prosent- og kronetoll, og sørgje for at importvernet ikkje blir svekka, når ein inngår nye handelsavtaler.
• Greie ut nye og sterkare verkemiddel for marknadsregulering.
• Bevare prisutjamningsordninga for mjølk, men gradvis fase ut dei konkurransepolitiske verkemidla frå ordninga.
• Styrke landbruksforskninga.
• Gjennomgå og betre landbruksutdanningane på alle nivå.
• Lage ein plan for anstendige løns- og arbeidsvilkår for tilsette i jordbruket og grøntsektoren saman med faglaga og partane i arbeidslivet, med mål om å gjere næringa meir attraktiv for norske arbeidstakarar. 19
• Etablere beredskapslagring for korn.
• Redusere matsvinnet, blant anna ved å utarbeide ein matkastelov.
• Gjennomgå rammevilkåra for hestesporten.
• Sluttføre erstatningsoppgjeret for pelsdyrnæring