Regjeringa gjekk til val på at bonden si inntekt skulle hevast monaleg, og i tillegg var usikkerheten i verden rundt matvaretryggleik stor. Dette gjorde at det på mest mirakuløst vis blei drege i land ein jordbruksavtale med ei ramme som passerte heile 10 milliardar kroner.
Resultatetet: Saman med sau var ammekua peika ut som vinnaren i oppgjeret, og i følgje sluttprotokollen for avtalen 2022 skal referansebruk 8 (32 ammekyr) kome ut med 131.900 kr betre i 2023 kontra 2021. Same referansebruk sit reelt igjen med om lag 20.000 kroner. Det slår Andreas Lundegård i Tveit Regnskap AS fast i denne artikkelen som vi har fått tilgang til:
Ved inngangen til dette året gjorde underteikna seg nokre tankar kring den økonomiske stoda i landbruket slik forholda låg til rette då… Det var i ei relativt roleg tid, pandemien var på hell og Putin heldt seg førebels i skinnet. Men 24. februar 2022 endra mykje av dette, Russland gjekk til åtak på Ukraina og sett i stor grad opp ned på dagsordenen.
Aukande gjødselprisar gjekk til galopperande gjødselprisar, energiprisen følgde etter frå det me synes var ein høg straumpris på 1,2 kr/kwh til dagens på om lag 3-4 kr/kwh. Ukraina var storeksportør av nært sagt alle landbruksprodukt, eksporten stoppa opp og verdsmarknadsprisane på matvarer og innsatsfaktorar peika òg opp mot himmelen – dette har òg trekt kraftfôrprisen opp.
Politikarane såg dette utviklinga, regjeringa hadde gått til val på at bonden si inntekt skulle hevast monaleg, og i tillegg var usikkerheten i verden rundt matvaretryggleik stor. Dette gjorde at det på mest mirakuløst vis blei drege i land ein jordbruksavtale med ei ramme som passerte heile 10 milliardar kroner.
Men kostnadsgaloppen har greidd seg godt utover 2022, så både eg og sikkert du har nok lurt på om vil dei lovde kronene dekkjer opp den auken bonden ser i rekningsbunka…
Underteikna har på same måte som med inngangen til 2022 sett på korleis kostnads- og inntektsbilete har endra seg frå det relativt normale inntektsåret 2021 til den situasjonen me står i nå.
Ein har sett på eit bruk som ligg på landsgjennomsnittet – 32 ammekyr.
Tveit Regnskap AS har i ei årrekke køyrt statistikk på bondeøkonomien og har såleis eit godt grunnlagsmateriale for å rekne på dette. Og i tillegg er det i media framstilt ein god del tal på korleis dei ulike brotstykka endrar seg.
Garden me har rekna på har 32 ammekyr, 200 dekar fulldyrka jord og om lag 100 dekar innmarksbeite. I tillegg nyttar ein nærliggjande utmarksbeite om sommar/haust.
Me har rekna på desse endringane i innsatsfaktorar:
- Grovfôrkostnader som gjødselkostnad, ensileringsmiddel, rundballeplast har stige:
o Gjødsel frå 4 kr/kg i 2021 til 9,4 kr/kg i oktober 2022
o Ensileringsmiddel frå 13 kr/l i 2021 til 20 kr/l i 2022
o Rundballeplast, nett og pressing opp 40 kr pr. ball. - Straumkostnaden stig med 30 % – justert for straumstønad
- Dieselprisen stig i snitt 6 kr pr. liter.
- Rentekostnaden stig med 1,5 % – 4,0 mill. kr i lån.
- Kraftfôrkostnaden stig i snitt 1 kr pr. kg/fem
- Generell prisstigning på kjøp av varer og tenester 5 %.
Ein har i utrekningane brukt Nibio sine driftskalkylar for å stipulere forbruk av ulike innsatsfaktorar, og samstilt desse med våre eigne statistikkar. I utrekningane har ein prøvd å setje opp auke på innsatsfaktorar opp mot auke på inntektssida gjennom meirprisar via jordbruksavtale/kjøttprisar – samt endringar i tilskot m.v.
Ammeku, 32 årskyr og fullt påsett
Kostnader:
Grovfôrkostn (1 kr/Fem x 4400 Fem/ku) 140.000 kr
Kraftfôr (1,1 kr/Fem x 1100 Fem/ku) 38.000 kr
Straum (stipulert årsforbruk 20.000 kwh) 0 kr
Diesel (stipulert årsforbruk 4.000 l x 7 kr/l) 28.000 kr
Rentekostnad (stipulert lån 4,0 mill. kr, 2,5 %) 100.000 kr
Kostnadsauke faste kostnader 34.000 kr
Sum kostnadsauke 340.000 kr
Inntekter:
Auka engrospris kjøt (11,5 kr x 335 kg/ku) 123.000 kr
Tilskot ordinær jordbruksavtale:
- Ammeku (+1.110 kr/ku) 36.000 kr
- Ungdyr (+428 kr/dyr) 24.000 kr
- Areal sone 5B (+178 kr/da) 46.000 kr
- Driftstillegg (+2.600/ku) 83.000 kr
- Beitetilskot (85 kr/dyr) 7.000 kr
- Beitetilskot utmark (270 kr/dyr) 17.000 kr
- Kvalitetstilskot slakt (3 kr pr. kg ungokse/kvige) 25.000 kr
Sum inntektsauke 361.000 kr
Endring inntekt (kalkulert) 21.000 kr
Konklusjon:
Reknestykket over må sjølvsagt takast for det det er, eit anslag på korleis ein vurderer situasjonen i 2023. Arbeidet er ikkje gjennomført med Budsjettnemnda eller Nibio sin millimeter presisjon – MEN dei gir oss eit bilete av korleis stoda kan bli ut frå dei gjevne føresetnadane. Så kan ein sjølvsagt diskutere dei føresetnadane som er lagt – men det gir oss uansett eit bilete av at situasjonen.
Saman med sau var ammekua peika ut som vinnaren i oppgjeret, og i følgje sluttprotokollen for avtalen 2022 skal referansebruk 8 (32 ammekyr) kome ut med 131.900 kr betre i 2023 kontra 2021.
Som ein ser vert det for så vidt ei viss auke, men om noko mindre enn ein føresette i jordbruksforhandlingane. Dette syner iallefall kor vanskeleg det er å framrekne situasjonen.
Andreas Lundegård
Tveit Regnskap AS
andreas@tveit.no
98253925
(Artikkelen ble først publisert av Tyr)
