Fleckvieh-rasen er kjend for kraftige dyr med lang holdbarhet. Frå Austerike finn med desse fine kyrne frå ein besetning. Livstidproduksjonen til no på desse dyra, seier litt om haldbarheten til Fleckvieh-rasen.
Tilsaman har desse kyrne produsert 450000 liter mjølk.
• Irene 144000 liter (11 kalvar).
• Ossi 102200 liter.
• Kjerstin 101400 liter.
• Bella 103500 liter.
Sædbestilling Geno tlf 950 20 600 eller hos lokal inseminør.

73535 Viano er ein Rotglut son og er ein gonomisk testa ungokse frå Spermex i Tyskland.
Den har høge verdier for mjølk, feitprosent, kropp, tilvekst, kjøtfylde og haldbarhet.
Mjølkehastigheten er godt over middel, medan indeksen for kalvingsvanskar er litt under middel. Den bør derfor ikkje nyttas på kviger. Det er venta at kyr etter Viano vil få lette kalvings forløp.

73536 Vanadin er ein Vanstein son. Denne toppar lista over testa oksar frå Spermex i Tyskland.
Den har høge verdiar for mjølk, haldbarhet, tilvekst, kjøtfylde og klassifisering i EUROP systemet. Oksen gjer lette kalvingar både som far til kalv og far til ku. Feitprosenten er litt negativ.
Dette er ein førsteklasses kombinasjonsokse der ein ynskjer haldbare kyr med mykje av både mjølk og kjøt.

73537 GS Pandora er ein GS Polari son frå Genetic Austria.
Dette er ein testa okse med høge verdiar for mjølkemengde, haldbarhet, jur-eksteriør, jurhelse og celletal. Feitprosenten er positiv, medan indeksen for kalvingsvankar er litt negativ. Den bør derfor ikkje nyttas på kviger. Kyr etter Pandora gjer lette kalvingar.
Kjøtindeksen er under middels for rasen. Først og framst ein okse der ein verdset mjølkemengd og jurhelse framfor kjøtproduksjon.

73538 Voltaire er ein Reumut son frå Genetic Austria.
Dette er ein genomisk testa ungokse med høge verdiar for mjølkemengd, feit og proteinprosent, jurhelse og jureksteriør. Oksen antas å gje lette kalvingar både som far til kalv og far til ku.
Kjøtproduksjonen på avkom etter denne oksen forventast å vera på middel nivå i høve til rasen.
Voltaire er ein god kombinasjonsokse med mange positive eigenskapar.