Dahle Gard er ein flott gamal Telemarksgard på vel 7000 daa, i Flatdal i Seljord kommune. Garden har mykje skog og store utmarksressursar, 30 daa innmarksbeite og 50 daa fulldyrka jord.
Drifta har stort behov for beite- og slåtteareal, og held i hevd omlag 1000 daa innmarksbeite og fulldyrka leigejord. I desse dagar driv dei nydyrking av eit felt på 100 daa, tett inntil driftsbygningane. Eigen slåttemark er gull verd, med tanke på transportavstand av blautgjødsel og rundball.
Marianne Vadder har vakse opp på sauebruk. Som minst i ein syskenflokk på seks, var ho tidleg på leit etter eigen gard og drøymde om å bli sauebonde. Då ho var 18 år i 1998, fekk ho låne eit gamalt fjos og tok med seg sauene sine dit. I 2006 kjøpte og flytta dei til Suigard Dahle. Her driv ho med sau (NKS) og ammeku av rasen Tiroler Grauvieh.
Bygde isolert lausdriftsfjos i 2012
Det vart bygd isolert lausdriftsfjos til ammekyrne i 2012. Her er det plass til 120 kyr og 30 ungdyr. I tillegg er det eit større areal på halm til kalvegøyme og fødslar. Det er til ei kvar tid omlag 90 mordyr i fjoset, med både haust- og vårkalving. I tillegg har dei full oppfôring av oksar. Dei satsar på Tiroler Grauvieh, og mesteparten av flokken er no stambokførte. Dei har status som grøn besetning.
Verdas finaste ku
Då fjoset vart bygd prøvde dei litt forskjellige rasar, men landa fort på at Tiroler er tingen. Tiroler grauvieh er rolege fine dyr, med godt med mjølk til kalven. Størrelsen på mordyra gjer dei lette å handtere. Dei beiter i bratte liar, og utnyttar kulturbeitet godt utan tråkkskader. Og så må me vel vere einige om at ho er verdas finaste ku, nest etter Telemarkskua da, seier Marianne.
Livdyrsalg
Marianne driv med livdyrsalg av drektige eller paringsklare kviger og nokon oksar. På sikt er planen å selje kalven ved avvenning og heller auke antal mordyr. Dette tek noko tid, då livdyretterspørselen er stor, og fleire kyr krev meir sommarbeite. Det etterlengta sauefjoset blei bygd i 2020. Også dette eit isolert bygg. Her er plass til 180 vinterfora sau. I dag har dei kring 100.
Trivsel er viktig
Begge fjosa har gode vaktrom, noko me meiner er veldig viktig for å trivast og dermed ha lyst til å bruke mykje tid i fjoset. Dei søv tross alt fleire nettar i fjoset enn inne i løpet av året. Marianne er bonde på heiltid, med god hjelp frå kjærasten Halvor, og dei tre ungane Tor 22, Marie 21 og Ørjan 17 år.
Marianne Vadder
Mob. 91168754 Ta gjerne kontakt for ein tirolerprat!