Yngve Rekdal ved NIBIO på Ås, har utført en omfattende beitetaksering av ulike beitegrunnlag fra utmarksbeite, i tilknytning optibiff prosjektet.
Av: Yngve Rekdal
Berre tre prosent av landet vårt er jordbruksareal. Det meste er utmark. Her ligg det store areal som kan brukast i matproduksjon, men haustinga kan berre gjerast av beitedyr. Mange som startar med ammeku, ønskjer å bruke utmarka som del av fôrplana. Tilveksttal som no begynner å foreligge viser at det her kan oppnåast svært gode resultat.
…haustinga kan berre gjerast av beitedyr
Men same prinsippa gjeld i utmark som i fjøset. Kvaliteten på fôret er avgjerande for sluttresultatet. I norsk utmark varierer beitekvaliteten svært mykje. Dette mest på grunn av ulik tilgang på vatn og næring i jordsmonnet som er nødvendig for plantevokster.
Vurdere kvaliteten
Å vurdere beitekvalitet kan gjerast komplisert, men òg svært enkelt. Det er i første rekkje gras og urter som er beiteplanter, slik at ved å sjå på forholdet mellom gras/urter på den eine sida og lav/lyng på den andre sida kan ein koma langt. For ei enkel vurdering deler vi marka i tre marktypar som kvar har ulik beiteverdi etter ein tredelt skala.
- Lav- og lyngrik mark er den fattigaste marka. Her er det så lite beiteplanter at det er lite å hente for beitedyr. Dette er mindre godt beite. I norsk skog utgjer denne marktypen 39 % av arealet. I Hedmark fylke er dette dominerande type på skogsmark og furu er oftast treslaget her.
- Blåbærmark inntek den middels rike marka. Her dominerer blåbær og den viktige grasarten smyle. Dette er ikkje det beste beitegraset, men er viktig fordi det er så mykje av den. Blåbærmark set vi som godt beite, og dette er dominerande marktype i norsk skog med 43 % av arealet.
- Gras- og urterik mark finn vi på den rikaste marka og dette er svært godt beite. Denne marktypen utgjer 19 % av skogarealet. I naturtilstand er det her dominans av høge urter eller bregner som ikkje er gode beiteplanter. Beiting påverkar vegetasjonen gjennom avbiting, trakk og gjødsling. Grasartar tåler denne påverknaden best og areal som blir beita hardt vil utvikle eit fint grasdekke. Derfor må utmarka brukast skal ein ta vare på den grasrike vegetasjonen skapt av tidlegare generasjonars langt hardare utmarkshausting.
Ulike naturvilkår
I det langstrakte landet vårt er det svært ulike naturvilkår som møter beitedyr frå kyst, til skog og til fjell. Underteikna deltok sist sommar i prosjektet «Bærekraftig storfeproduksjon basert på grovfôr», leia av Laila Aass ved NMBU. Mi oppgåve var å vurdere utmarksbeitet til 16 buskapar. Dette førte meg gjennom landet frå Bodø til Sirdal. Fleire av buskapane var Herefordrase. Fire av desse viser noko av mangfaldet som møter beitedyr i utmark.
På den vesle, vakre Sørarnøya i Gildeskål driv Gjermund Birkeli. Her er vinteren så mild og snøfattig at han treng ikkje byggje fjøs. Han har vore veldig heldig med berggrunnen. I den næringsrike kalkspatmarmoren sto reinrose og orkidear i blomster bortover alle rabbar og småmyrer da eg var der. Dei rike kalklågurtengene som er dominerande vegetasjonstype er framifrå utmarksbeite for storfe. Gjermund brukar mange småteigar med innmarksbeite saman med utmarka. Han gjer ein stor jobb som landskapsskjøttar på øya som kjem til å gro att med bjørkekratt i stor fart dersom dei to storfebuskapane som beitar her blir borte. Det er viktig å marknadsføre at produktet frå utmarksbeiting ikkje er berre kjøt, men også landskap og det særeigne biologiske mangfaldet beiting skapar.
…utmarksbeite er ikkje berre kjøt
Avhengig av skogskjøtsel
Heilt andre vilkår har Anne Dieset som har beitedyra sine i barskog i Åmot kommune. Midtre delar av Hedmark er dominert av fattig sandstein som gjev mykje skrinn beitemark. I sandsteinen er det mange stadar rikare «berggrunnsvindu». Anne har funne to slike stadar som har godt innslag av gras- og urterik vegetasjon. Men i den tette granskogen er det lite produksjon i undervegetasjonen. Ho er derfor avhengig av eit aktivt skogbruk som gjev hogstflater der lys og varme slepp ned i marksjiktet.
Fjellbeite
Kjell Kaurstad har dyr i fjellbjørkeskog på austsida av Gudbrandsdalen i Ringebu kommune. Dette er same berggrunnskomplekset som i Åmot, men her er det også innslag av skifrig fyllitt som gjev store areal med gras- og urterik bjørkeskog. Langvarig beitebruk gjer at skogen er grasrik og svært gode storfebeite. Det var likevel interessant å sjå at også den smylerike blåbærmarka syntest å vera godt beita, sjølv om det var god tilgang på rikare vegetasjon. Det kan tyde på at beitedyr set pris variert tilgang av vegetasjonstypar.
Ein fjerde marktype
Heilt sør i Sirdal har Terje Liland dyra sine på ein ås med det vi kallar fuktmark. Dette er ein fjerde marktype i tillegg til dei tre nemnt ovanfor, som er typisk for nedbørrike strok langs Vestlands- og Trøndelagskysten. Furu er dominerande treslag, medan grasarten blåtopp og sivarten bjønnskjegg er svært dominerande i undervegetasjonen. Beitekvaliteten i denne marktypen veit vi lite om. Det finst målingar av næringsverdi i blåtopp som viser bra verdi, men det kan tyde på at dette graset fell tidleg i kvalitet utover ettersommar og haust.
Slepp tidleg
Forskingsresultat frå Morten Tofastrud ved Høgskolen i Innlandet sitt prosjekt i Stange og Ringsaker, tyder på at ein kan oppnå tilvekst mest på line med innmark frå utmarksbeite, samtidig med at ein sparar store fôrkostnader. Det er viktig at storfe er til stades i utmarka, da storfeet har mykje betre kultiveringseffekt på frodige areal enn sauen. Det eg såg mykje på runden min er at storfeet kjem seint ut i utmarka av ulike årsaker. Mykje slepp skjer ikkje før i juli. Da går ein glipp av den næringsrike nygroen. Seint slepp gjev også mykje dårlegare kultivering da uønska artar rekk å koma i god vokster.