Pålessing av storfe
HMS og dyrevelferd
Bakgrunn
Det blir under pålessing av storfe for transport regelmessig registrert hendingar der dyr eller personell blir skadd. Kjøttbransjen har eit ansvar for å handtere denne risikoen og dette dokumentet er til hjelp for dyrebilsjåføren i vurdering av om pålessing er forsvarleg eller ikkje.
Fysiske innretningar
- Det bør ved pålessing av alle kategoriar storfe vera ein drivgang av solide grindar frå der dyra er oppstalla til dyrebilen. Leietamme kyr, kviger og kalvar kan leiast i tau.
- Drivgangen bør vera 2-2,4 meter breid eller 1,0-0,8m breid, slik at dyra enten kan gå fleire i breidda eller berre eitt og eitt.
- Grindane skal vera minst 1,6m høge
Sosialisering og tilvenning til nye miljø
- Alle storfe skal vera vant til handtering av folk – helst frå dei er nyfødte kalvar
- Dyra bør vera så tamme at ein kan ta på dei – dei skal ikkje vera så sky at fluktsonen er større enn 1-2 meter
- Dyra skal ikkje stå i same miljø heile oppfôringstida, men flyttast til nye bingar eller avdelingar fleire gonger i løpet av oppfôringstida
- Dyr som går ute heile året skal vera vant til å stå fast i fanghekk
- Dyr som går ute heile året skal vera vant til å gå inn under tak
- Dyr som går ute heile året skal vera vant til å stå trongt i binge eller innhegning
Avbryting av pålessing
- Dersom det av ulike grunnar ikkje let seg å få fyrste dyra til å gå inn på bilen i løpet av 45 minutt, så bør sjåføren vurdere å avbryte pålessinga.
- Dersom dyr reagerer med full panikk under pålessing slik at andre dyr eller personell står i stor fare for å bli skadd, så skal sjåføren avbryte pålessinga